2000-talet og barndomsnostalgi
Sorgenfri har dratt tilbake til ei anna livsepoke, nemleg barndommen. Meir spesifikt barndommen på det tidlege 2000-talet. Overlevde du også verdas undergang ved årstusenskifte? Kor mykje har teknologien og moten endra seg på dei 20 åra som har gått? Og saknar du overheaden i skulen like mykje som enkelte i redaksjonen? Om ja, er dette noko av det redaksjonen mimrar nostalgisk om i denne episoden.